DUGNADEN

Klubben vil gjera litt samfunnsnytte. Sjølvsagt går det pengar til «Polip Pluss» og andre gode tiltak, men det er noko anna med dugnadar, særleg når det kjennest i armar og rygg. Dette må vera eit godt eksempel på protestantisk etikk, eg sender salig Weber nokre gode tankar.



Sigridstigen sto på programmet. Gapahuken er ferdig, her er ei anna oppgåve som kanskje ikkje syner like mykje, men der poenget er å legge til rette for at fleire kan få sjå utover byen og fjorden. 

Klubben har to Asbjørnar som står i ei særstilling her. Den eine kan handtere motorsag og har hjelm og verneutstyr, den andre er ein klyppar med høvel, hamar, spikar og øks. 

Vi andre hadde ein gong i tida litt arms styrke, og deler ein nok på vekta, kan vi framleis skryta av innsatsen. Yr varsla perfekt vér. Litt kjølegare enn i sumar, og ei lita regnskur i sirkulasjon over distriktet, men sjansane for at ho skulle treffe oss var som vinnarsjansane i lotto.

Asbjørn rydda kratt slik at byen kom fram att som eit Torneroseslått i klungeren. Asbjørn spikra saman krakkar slik at vi kunne nyte utsikta så snart dei tunge materialane var på plass. Då skulle vi også kose oss med kaffien i solhellinga. Fortent løn for strevet.
Som vi sette oss på krakken, skjedde det. Regnskura kom over Byafjellet og slo seg ned saman med oss. Ein avkjølande vind kom og frysetørke sveitten. 

Pessimistane hadde med ekstra jakke, optimistane sa med hakkande tenner at det hadde vore ein vidunderleg dag! 
Egge Rotaryklubb skal halde fram med prosjektet neste år - i godvér.

Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
Motvind for vindkraft

29. oktober 2020

Motvind for vindkraft

Einar Sandvik, tidligere lektor, nå pensjonist holdt et foredrag om utbygging av vindkraft i Norge, overskrifta på foredraget var «Motvind for vindkraft».

Guvernør Terje Gaarden besøkte Egge Rotary 15.10.2020.

19. oktober 2020

Guvernør Terje Gaarden besøkte Egge Rotary 15.10.2020.

I starten av møtet orienterte Torgeir Havik kort om TV-aksjonen og oppfordret oss til engasjement.

Egoforedrag med Kolbjørn Almlid

13. oktober 2020

Egoforedrag med Kolbjørn Almlid

Kolbjørn Almlid, gutten fra Bartnesgrenda i Steinkjer er nylig blitt medlem i Egge Rotary og holdt sitt egoforedrag på møtet den 8. oktober 2020.

Nullvisjon for plastsøppel

28. september 2020

Nullvisjon for plastsøppel

TV-aksjonen 2020 går til Plast i Havet. I den anledning inviterte Egge Rotary Mads Løkeland – leder for Naturvernforbundet i Orklaregionen - til å holde foredrag «Nullvisjon for plastsøppel». Han ga en kunnskapsmettet innføring i et stort tema.

Tor Åm på besøk i Egge Rotary

14. september 2020

Tor Åm på besøk i Egge Rotary

I starten av møtet 10.09.2020 ble Kolbjørn Almlid chartret som nytt medlem. Vi venter et langt og interessant egoforedrag ved neste korsvei.
Tor Åm, adm. dir. Helse Nord Trøndelag (HNT), snakket om aktuelle tema i helseforetaket

Steinkjerfestivalen

7. september 2020

Steinkjerfestivalen

Svein Bjørge, Steinkjergutten som er født og oppvokst på BS (Bøndernes Salgslag) er arrangementsansvarlig på Dampsaga kulturhus i det daglige, men er nok landskjent som primus motor for Steinkjerfestivalen.

"Hva skal vi med EU?" med Lise Rye

2. september 2020

"Hva skal vi med EU?" med Lise Rye

Lise Rye er norsk historiker og professor ved Institutt for historie og klassiske fag, NTNU. Overskriften på hennes tema var «Hva skal vi med EU?»

Marit Ryan Tanem: Var Eva uskuldig?

7. februar 2020

Marit Ryan Tanem: Var Eva uskuldig?

Hildegard av Bingen. Ei intellektuell kvinne frå mellomalderen
Var Eva uskuldig i syndefallet? Hildegard, 1098 -1179, benediktinerabedisse og ei merkeleg mellomalderkvinne, meinte at så kunne vera tilfellet.

30.1.2020: Eit kriminelt rotarymøte

5. februar 2020

30.1.2020: Eit kriminelt rotarymøte

Møtet i kveld var programfritt. Det vil seia at ein opnar for at medlemar kvitterar for utlodningsgevinstar med eit såkalla «3-minutt». Vanlegvis blir det plass til tre slike på ein time, så minutta kan bli litt lange.

PSYKISK HELSE I EIT MODERNE PERSPEKTIV

30. januar 2020

PSYKISK HELSE I EIT MODERNE PERSPEKTIV

Som eldre mann, har du opplevd at kona di blir meir og meir sjef?
Du treng ikkje søkje hjelp hjå psykiater. Det er ei naturleg utvikling og har samanheng med hormonutviklinga gjennom livet.