DUGNADEN

Klubben vil gjera litt samfunnsnytte. Sjølvsagt går det pengar til «Polip Pluss» og andre gode tiltak, men det er noko anna med dugnadar, særleg når det kjennest i armar og rygg. Dette må vera eit godt eksempel på protestantisk etikk, eg sender salig Weber nokre gode tankar.



Sigridstigen sto på programmet. Gapahuken er ferdig, her er ei anna oppgåve som kanskje ikkje syner like mykje, men der poenget er å legge til rette for at fleire kan få sjå utover byen og fjorden. 

Klubben har to Asbjørnar som står i ei særstilling her. Den eine kan handtere motorsag og har hjelm og verneutstyr, den andre er ein klyppar med høvel, hamar, spikar og øks. 

Vi andre hadde ein gong i tida litt arms styrke, og deler ein nok på vekta, kan vi framleis skryta av innsatsen. Yr varsla perfekt vér. Litt kjølegare enn i sumar, og ei lita regnskur i sirkulasjon over distriktet, men sjansane for at ho skulle treffe oss var som vinnarsjansane i lotto.

Asbjørn rydda kratt slik at byen kom fram att som eit Torneroseslått i klungeren. Asbjørn spikra saman krakkar slik at vi kunne nyte utsikta så snart dei tunge materialane var på plass. Då skulle vi også kose oss med kaffien i solhellinga. Fortent løn for strevet.
Som vi sette oss på krakken, skjedde det. Regnskura kom over Byafjellet og slo seg ned saman med oss. Ein avkjølande vind kom og frysetørke sveitten. 

Pessimistane hadde med ekstra jakke, optimistane sa med hakkande tenner at det hadde vore ein vidunderleg dag! 
Egge Rotaryklubb skal halde fram med prosjektet neste år - i godvér.

Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
Egge Rotary, møtereferat 10. april 2025

30. april 2025

Egge Rotary, møtereferat 10. april 2025

Presidenten ønsket velkommen til «programfritt» møte.

Hun takket for dugnadsinnsatsen vi gjorde for Steinkjer kommune. Beregnet til litt over et ukesverk for en arbeider.

Egge Rotary,  Dugnad Steinkjer sentrum

30. april 2025

Egge Rotary, Dugnad Steinkjer sentrum

Vi tok kontakt med Bygartner Kristel Vaag Moe og tilbød at vi kunne ta et par dager med rydding av søppel og kosting av grus i sentrum.

Egge Rotary, møtereferat 3. april 2025

30. april 2025

Egge Rotary, møtereferat 3. april 2025

Sekretæren ønskte velkommen og spesielt kveldens foreleser, sivilarkitekt Rolf Lyngstad.

Egge Rotary møtereferat 27. mars 2025

30. april 2025

Egge Rotary møtereferat 27. mars 2025

Sekretæren ønskte velkommen og spesielt kveldens foreleser, arkitekt Rolf Lyngstad.

Egge Rotary, Besøk på nye Fylkeshus 20. mars 2025

21. mars 2025

Egge Rotary, Besøk på nye Fylkeshus 20. mars 2025

Vi var 20 Rotarianere som møtte for å se og høre om nye Fylkeshus og kort orientering om Fylkeskommunen.

Egge Rotary, årsfest 13. mars 2025

18. mars 2025

Egge Rotary, årsfest 13. mars 2025

Bordplasseringen er var etter eget ønske, og leder i arrangementskomiteen Odd Jørgen Rye ønsket alle velkommen til bords.

Egge Rotary, møtereferat 06. mars 2025

10. mars 2025

Egge Rotary, møtereferat 06. mars 2025

Presidenten ønsket velkommen og fortalte at Anfrid og Andor var deres navnedag Johan Bojer, f. 1872, Per Egil Hegge, f. 1940 denne dag.

Egge Rotary, møtereferat 27. februar 2025

10. mars 2025

Egge Rotary, møtereferat 27. februar 2025

Møtet ble åpnet av past president Tor, da presidenten var bortreist.
Tilstede på møtet var Trond Melgård som gjest/reflektant.

Egge Rotary, møtereferat 20. februar 2025

10. mars 2025

Egge Rotary, møtereferat 20. februar 2025

Møtet ble åpnet av past president Tor, da presidenten var bortreist.
Tilstede på møtet var Trond Melgård som gjest/reflektant.

Møtereferat fra felles møte Verdal og Egge Rotary 13. februar 2025

10. mars 2025

Møtereferat fra felles møte Verdal og Egge Rotary 13. februar 2025

Det ble arrangert felles møte for Verdal og Egge Rotary på Egge Museum.
Felles møte i forbindelse med besøk av område D2275`s guvernør Aud Schjødt Fredriksen, Bodø Rotary og AG Trond G. Stenersen, Stjørdal Rotary.