DUGNADEN

Klubben vil gjera litt samfunnsnytte. Sjølvsagt går det pengar til «Polip Pluss» og andre gode tiltak, men det er noko anna med dugnadar, særleg når det kjennest i armar og rygg. Dette må vera eit godt eksempel på protestantisk etikk, eg sender salig Weber nokre gode tankar.



Sigridstigen sto på programmet. Gapahuken er ferdig, her er ei anna oppgåve som kanskje ikkje syner like mykje, men der poenget er å legge til rette for at fleire kan få sjå utover byen og fjorden. 

Klubben har to Asbjørnar som står i ei særstilling her. Den eine kan handtere motorsag og har hjelm og verneutstyr, den andre er ein klyppar med høvel, hamar, spikar og øks. 

Vi andre hadde ein gong i tida litt arms styrke, og deler ein nok på vekta, kan vi framleis skryta av innsatsen. Yr varsla perfekt vér. Litt kjølegare enn i sumar, og ei lita regnskur i sirkulasjon over distriktet, men sjansane for at ho skulle treffe oss var som vinnarsjansane i lotto.

Asbjørn rydda kratt slik at byen kom fram att som eit Torneroseslått i klungeren. Asbjørn spikra saman krakkar slik at vi kunne nyte utsikta så snart dei tunge materialane var på plass. Då skulle vi også kose oss med kaffien i solhellinga. Fortent løn for strevet.
Som vi sette oss på krakken, skjedde det. Regnskura kom over Byafjellet og slo seg ned saman med oss. Ein avkjølande vind kom og frysetørke sveitten. 

Pessimistane hadde med ekstra jakke, optimistane sa med hakkande tenner at det hadde vore ein vidunderleg dag! 
Egge Rotaryklubb skal halde fram med prosjektet neste år - i godvér.

Tekst og foto: Kolbein Dahle

 
Egge Rotary, 07.mars 2024

13. mars 2024

Egge Rotary, 07.mars 2024

Besøk på Tinghuset Steinkjer.
Informasjon og omvisning ved tingrettsdommer Nina Bratberg.

Egge Rotary , Møte 29. februar 2024

13. mars 2024

Egge Rotary , Møte 29. februar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt fire ungdommer, to søstre fra Kurdistan (Syria) og to gutter fra Eritrea.

Egge Rotary , Møte 22. februar 2024

7. mars 2024

Egge Rotary , Møte 22. februar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt Ole Tronstad som skulle fortelle oss om status Trøndelag fylkeskommune.

Egge Rotary , Møte 15. februar 2024

7. mars 2024

Egge Rotary , Møte 15. februar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt Magne Foosnæs som skulle fortelle oss om og ha pendlet med Trønderbanen i 21 år.
Først fikk Øystein Moholt ordet som medlem i festkomiteen. Årsfesten blir 14. mars kl.18.00 på Egge Museum.

Egge Rotary , Møte 08. februar 2024

16. februar 2024

Egge Rotary , Møte 08. februar 2024

Presidenten ønskte velkommen og spesielt Jon Arne Hollekim som skulle informere om Røra Industripark.

Egge Rotary , Møte 01. februar 2024

16. februar 2024

Egge Rotary , Møte 01. februar 2024

Presidenten ønskte velkommen og spesielt Trond Gjerdi som skulle informere om Kulturminner.

Egge Rotary , Møte 25. januar 2024

13. februar 2024

Egge Rotary , Møte 25. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og orienterte om følgende;
Vi hadde fått forespørsel om klubben kunne være fadder for en utvekslingsstudent fra Vadsø. Dette på grunn av at det ikke er noen Rotary klubb der oppe.

Egge Rotary , Møte 18. januar 2024

1. februar 2024

Egge Rotary , Møte 18. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og spesielt kveldens foredragsholder.
Formann i festkomiteen Ivar A. Hegstad orienterte om at årsfesten blir på Egge Museum torsdag 14. mars kl. 18.00

Egge Rotary , Møte 11. januar 2024

12. januar 2024

Egge Rotary , Møte 11. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og orienterte om følgende;
Ragnar Andresen har søkt om permisjon resten av dette Rotaryåret og er innvilget det.

Egge Rotary , Møte 04. januar 2024

9. januar 2024

Egge Rotary , Møte 04. januar 2024

Presidenten ønsket velkommen og Godt Nytt År.